Referat frå årsfest 2011

Postet av Flora Cykleklubb den 20. Nov 2011

Ole Johannes Øvretveit starta kvelden ved å gje oss eit humoristisk innblikk i korleis han har makta å gå frå feit 40 åring til syklist og snart maratonløpar. Latteren satt laust hos dei nesten 60 som var tilstades.

Ein rikhaldig buffet metta alle munner. Spesielt fekk dei mange ulike lakserettane mykje skryt. Pizzabordet var også ein sukksess.

Heidersteikn vart delt ut i desse kategoriane:

Årets ungdom: Marius Langø

Årets ildsjel: Rune Horgen

Årets senior: Geir Kristiansen

Tidlegare har Flora CK utnevnt Arnljot Johansen (2010) og Ruth Grønnevik (2000) til æresmedlem. I år vart denne heideren også gjeve til Dagmund Ramsdal, Rita Gamlestøl og Rune Horgen. Alle for lang og tru teneste for klubben.

Lotteriet hadde premier til nesten alle dei frammøtte. Det var Marianne Langedal som stakk av med hovudpremien, som var ein sykkel frå Strandgata Sport.

Ståle Klakegg var årets konfransier



Treningsleir i Spania 17.-31.mars

Postet av Flora Cykleklubb den 20. Nov 2011

Ernst Jagedal og underteikna har vore 2 ganger i Benidorm/Calpe området på treningsleir. 17.mars 2012 reiser vi igjen og skal vere i 14 dager. Vi flyr til Alicante med Norwegian på utreise frå Bergen og med SAS heimatt til Bergen.

Flybillettar ordnar kvar og ein med sjølv. Om ein flyr frå Bergen, Ålesund eller Oslo skulle det vere mogleg å reise T/R, inkl.sykkel, for ca kr.2500,-

Som før kjem vi til å leige ein villa i området. Vi satsar på at alle som er med får privat soverom. Pris per person ca kr.1500,- for 14 dagar for huset.  

Mat steller vi oss med sjølve for det meste, men kjem nok til å ete middag på restaurant nokre kveldar. Sist brukte vi under kr.100,- per person/dag

Vi har brukt å ha ein leigebil for heile perioden. Den kostar ca kr.1500,- inkl. drivstoff. Kostnad blir delt på antal deltakere.

Kontakt underteikna snarast om du er interessert i å vere med til Spania i heile eller delar av perioden.

Meir informasjon på mobil 9585 7454



Flora CK inviterer til årsfest!

Postet av Flora Cykleklubb den 7. Okt 2011

 Stad: FSK/FTIF Klubbhuset ved Florø Stadion
Dato: Lørdag 22.oktober 2011
Tid:   Kl.18:00 til ?
Pris:  Vaksne 200,- / barn 100,- / under 7 år gratis

Påmeldingsfrist: Søndag 16. oktober 2011.    


 Dette må du få med deg! Sett av kvelden og ta på finstasen.

Festen er for alle medlemmar i Flora CK med følgje. Ta med ungar, foreldre, partnar og godt humør.

 

På årets fest kan vi by på god koldtbord, pizzabord, pølser m/tilbehør, drikke og mykje god underhaldning. Vi oppfordrar til særs måtehald med alkohol!

 

Underhaldninga vil bestå av:

 

·        Utdeling av heidersteikn til årets ungdom, årets senior og årets ildsjel.

·        Trekning av over 40 sponsorpremiar. Hovudpremien er ein sykkel frå Strandgata Sport med verdi kr.5990,-

·        Resultat av veddemål på Floramila i år mellom Rune Horgen, Geir Kristiansen, Simen Ramsdal og Vegard Ramsdal.

·        Sjå demonstrasjon av ”video” sykkelrulle.

·        Stand-up show med Maratonmannen Ole Johannes Øvretveit. Les bloggen på http://blogg.bt.no/maratonmannen

Påmelding skjer ved å betale inn på konto

3775 07 03780

 

NB! Husk å skrive namn og alder på alle deltakarar.

 

For spørsmål ta kontakt med  Rune Horgen 9283 4977

 

 

Vi sjåast! 

                                                                                   

Styret i Flora CK



Årsfest 2011 blir lørdag 22.oktober

Postet av Flora Cykleklubb den 28. Sep 2011

Hold av datoen lørdag 22.oktober. Då arrangerer vi årets andre årsfest. Ja du leste riktig!

Flora CK vart stifta i 1980, men som nokken kanskje husker vart 30 års jubileumsfesten først arrangert på nyåret i 2011. Likevel er ein ny fest under planlegging.

Denne gang er planen å ha ein del program. Alt er ikkje klart, men det vil bli utdelt ulike æresbevisninger.

Det kjem til å bli eit lotteri der det mest sannsynlig vil bli premie til alle som kjem. Av premiane kan nevnast: Valgfri T/R reise for to med Fjord1 sine ekspressbåter. Gavekort fra Puls, gavekort på EU kontroll fra Florø Bil og Havneservice og fleire andre gaver med verdi på over kr.400.

Om nokon vil komme med bidrag til festen så ta gjerne kontakt med Geir Kristiansen på mobil 9585 7454, eller geir@kristiansen.vg

Invitasjon blir snart sendt ut til alle i klubben.



Trollrittet 25.september 2011 resultater

Postet av Flora Cykleklubb den 25. Sep 2011

Kvelden før årets Trollritt samla 6 unge i alderen 10-16 år fra Flora CK seg på Trollstova. Underteikna sette dei straks i arbeid med å kutte grønsaker til den tradisjonelle suppa som klubben byr på etter slitet opp Heia. Ettter arbeid og leik vart det servert kylling med alt tilbehør. Neste år vil vi prøve å få endå fleire med, var ungdommens dom etter helga.

Sjølve rittet vart arrangert i høstvér uten regn!!!

Tale S. Johansen på berre 7 år imponerte stort ved å sykle opp Heia på ein sykkel uten gir og med små hjul. Kjekt å sjå :-)

13 år gamle Frode Birkeland har fleire sterke nasjonale resultat denne sesongen, og kom i dag til mål som nr.3 totalt. Imponerande prestasjon!

Den naturlige favoritten i herreklassen, Mikael Johansen, valgte denne gang familietur ved å sykle med 12 år gamle Mathilde. På den måten ga han seieren til underteikna som då også tok siste stikk i vandrepremien.

Camilla Savland  vann som i fjor kvinneklassen og sikre med det vandrepremien til odel og eige.

Bilder frå Firdaposten:

http://www.firdaposten.no/bildesamlingar/article5750430.ece

Resultater:

Jenter tidlig start:

Tale S. Johansen 7 år, Florø            47:25

Serine Skomsvoll 8 år, Flora CK       49:12

Kirsten Skomsvoll 10 år, Flora CK     36:17

Mathilde Johansen 10 år, Florø        32:00

Marie Osland 10 år                         48:44

Sunniva G Ramsdal 12 år, Flora CK   32:37

 

Damer tidlig start:

Randi Osland                53:44

Anette Hollevik              49:13

Norunn Stavø                 47:26

 

Gutter tidlig start:

Jonas Osland 8 år                     49:00

Bendik Jagedal 9 år, Flora CK     32:47

Leander Langø 9 år, Flora CK      44:42

Frode L. Aune 9 år, Flora CK        53:44

Jonas Hoffmann 10 år                 27:48

Petter Kjelsnes 10 år, Flora CK      31:24

Ardian Dypevik 10 år, Flora CK      27:46

Henrik Halvorsen 10 år, Flora CK   36:02

Håkon Emil Høysether 11 år          28:13

 

Menn tidlig start:

Mikael Johansen                32:00

Egil Barstad                       32:31

 

Damer:

1.Camilla Savland, Førde        22:30

2.Margunn Eikås, Eikefjord      23:31

Gutter:

1.Frode Birkeland 13 år, Førde CK           18:44

2.Kristian Tjønneland 16 år, Førde CK      19:14

3.Joakim Ramsdal 16 år, Flora CK           19:19

4.Marius Langø 15 år, Flora  CK               22:07

5.Ole Martin Tjønneland 12 år, Førde CK   22:11

6.Simen Ramsdal 12 år, Flora CK             22:15

7.Andre Hegge 11 år, Førde CK                24:54

8.Tobias Sagen 13 år, Flora CK                25:00

9.Sivert Tjønneland 11 år, Førde CK          27:11

10.Simon Bjørnset 13 år, Flora CK            30:42

Sedrik Ullebø 12 år, Sogn. Knakk girøre før start og fekk ikkje sykla.

 

Herrer:

1. Geir Kristiansen, Flora CK          16:57

2.Øystein Pedersen, Førde CK       17:58

3.Stig A. Savland, Førde                18:54

4.Atle Halvorsen, Flora CK             19:36

5.Arild Standal, Flora CK                20:26

6.Erlend Birkeland, Førde CK          20:39

7.Jan Erik Horstad, Førde               21:14

8.Kjell Olav Heien, Førde CK           22:30

9.Kenny Standal, Flora CK              24:11

10 Leif Kapstad, Jølster                  27:11

11.Jørn Kenneth Osland, Førde   Brutt

Hjalmar Bø sykler seinare i høst 



Invitasjon til SSF Terrengcup 2011 i Førde

Postet av Flora Cykleklubb den 11. Sep 2011

Førde CK vil i haust prøve på nytt med MTB karusell. Det blir lagt opp til 4 ritt i lysløypene på Langeland. SSF Terrengcupen er open for alle frå 10år og oppover.

 

 

Siste løpet er lagsmeisterskap i terreng for Førde CK, men er ope for alle som ynskjer å delta.

Stad: Langeland Skisenter

Dato: Tysdag 13.09.2011 Løp1 18:00
Tysdag 20.09.2011 Løp2 18:00
Tysdag 27.09.2011 Løp3 18:00
Sundag 2.10.2011 Løp4 / LM 16:00

Tid: Start kl 18:00 (16:00) Fellesstart alle klassar.

Påmelding: Tysdagane kl 17:30-17:55 (Sundag kl 15:00-15:45)

Klassar: K10, M10, K11-12, M11-12, K13-14, M13-14, K15-16,
M15-16, K Junior(17-22), M Junior(17-22), K Senior(23-49), M Senior(23-49), K Veteran(50-), M Veteran(50-)

Startkontingent: kr 20,- (10-22år), kr 50,- (over 22 år) pr. løp.

Premiering: Det blir trekt ut gåvepremiar frå våre sponsorar og til alle som deltar på minst 3 løp.

Det blir lagt opp til to ulike rundløyper der ein syklar fleire runder alt etter klasse.
Den eine runda (kort runde) er ca 1 km og går i sprint traseen. Denne skal nyttast av dei yngste ryttarane. M/K10=2r, M/K11-12=4r, M/K13-14 og K15-16=6r
Den andre runda (lang runde) går i 2 km traseen, men motsatt veg av det ein går på ski om vinteren. M15-16, K Junior og K Veteran=4r, M Junior og M/K Senior=6r, M Veteran=5r

Det er delvis fast underlag og ein god del terreng i traseen. Anbefalar breie dekk med godt mønster og lite luft.

Ynskjer alle velkomne til ein flott sykkel tur i Førde.


Helsing

Førde CK
Terrenggruppa



Invitasjon til Trollrittet søndag 25.september 2011

Postet av Flora Cykleklubb den 8. Sep 2011

Flora Ck kan med glede invitere til nok eit Trollritt. Merk at vi i år arrangerer rittet på ein søndag.

Start like ved krysset på Svarthumle RV5, og målgang ved Trollstova på Ramsdalheia.

 

Rittet vert arrangert som fellesstart over ca 6 km, med 320 høgdemeter. Alle deltar i trimklasse med uoffisiell tidtaking.

Rittstart kl.12. Dei aller yngste startar kl.11.50 evt. saman med dei som vil ta seg ekstra god tid.

Påmelding før fredag 23..september kl.21 til Rune Horgen mobil: 9283 4977

eller mail: rhorgen@online.no

Startavgift: Kr.50,- opp til 18 år, kr.100,- for voksne.

Etteranmelding ved start fram til kl.11.30 mot kr.50,- ekstra.

Premie frå våre sponsorer til (nesten?) alle vert uttrekt på startnummer. (Forrige år hadde vi 2 premiar til dei aller fleste!!!)

Til alle deltakarar blir det gratis betasuppe, saft og kaker på den peisvarme Trollstova etter rittet!

Sal av mat og drikke til publikum.

 

Veganvisning: Svarthumle ligg på gamle RV5 over Ramsdalheia i Flora Kommune.

Frå Florø køyrer ein i retning Førde, men tek til venstre vel 1 km før Sunnfjordtunellen.

Frå Førde/Naustdal køyrer ein gjennom Sunnfjordtunellen. Etter tunellen tar ein første veg til høgre etter vel 1 km. NB! Det er slutt på bompenger ved tunellen :-)

NB! Vegen er open for alminnelig trafikk, og alle må følge trafikkreglane! Strekninga er særs lite trafikkert, og det vil bli tydelig merking som viser at sykkelritt pågår.



Fana 2 dagers 20.+21.august 2011

Postet av Flora Cykleklubb den 5. Sep 2011

Flora CK stilte med 3 syklister til det tradisjonsrike Fana 2 dagers. Lørdag morgon står ein 9 km tempo på programmet. Lønningenrittet lørdag ettermiddag er ein kort fellesstart, arrangert i ei rundbane løype. Søndag morgon er det ein ny fellesstart i ein lengre og tyngre trasé.

I klasse M15/16 stilte Marius Langø og Sondre Brendsdal og fekk kjenne på farten til dei beste guttane på vestlandet. Underteikna, i klasse M45, vann tempoen, men vart berre nr.3 og 4 på dei to fellesstartane. Det vart likevel 1.plass samanlagt, kun 2 sekund forran Ove Matland Bergen CK.

Resultater:

http://www.fanail.no/avdelinger/sykkel/fana-2-dagers-resultater/



Øygarden Sykkelfestival 3.og 4.september 2011

Postet av Flora Cykleklubb den 5. Sep 2011

Denne helga stilte Flora CK med heile 6 syklister i regn og vind langt nord på Sotra. Vi budde på ei flott hytte på Trollvatn camping, og kunne sykle til og fra rittene. 

I klasse M13/14 sykla kameratane Jonas Hove, Tobias Sagen og Daniel Furesund. På tempo skilte det berre nokre få sekund mellom dei, men vegen opp til pallen vart litt for lang.

Søndag tok Marius Langø i klasse M15/16 ein flott 10.plass på Øygardsrittet (fellesstart).

Øyvind Ramsdal går i år på skule på Os, men tok turen til Øygarden for å kjenne på farten til nokre av norges beste juniorer. Han er etter denne helga fast bestemt på å trene hardt før neste sesong.

I veteranklass M45 tok underteikna 1.plass på tempo, 3.plass på Sturerittet, 1.plass på Øygardsrittet og vann samanlagt.

 

Resultater:

http://www.cksotra.no/index.php?option=com_content&view=article&id=184:resultatlister-oygarden-sykkelfestival&catid=34:cat-sykkelritt&Itemid=54



Invitasjon til ritt i Førde søndag 11.september kl.12

Postet av Flora Cykleklubb den 5. Sep 2011

Førde CK arrangerer åpent klubbmesterskap på fellesstart. Stad er Angedalen der ein skal sykle den så kalla Grimelandsrunden.


Karuselritt torsdag 1.september 2011

Postet av Flora Cykleklubb den 2. Sep 2011

Mange fornøyde juniorer var med på temporittet rundt Brandsøyåsen. Løypa gjekk også i år innover på nordsida av Brandsøyåsen og tilbake på Solheimsida. Litt lengre løype i år enn i fjor. Vi fekk også i år med deltagere fra Førde CK. Veldig kjekt!

Her er resultata:

Alder 8 år      
Jenter: Serine Skomsvoll Flora CK 23:00
Gutter: Ivan L. Brendø Flora CK 21:12
Alder 9 år      
Gutter: Bendik Jagedal Flora CK 15:55
  Frode Aune Flora CK 18:52
Alder 10 år      
Jenter Kirsten Skomsvoll Flora CK 19:54
Gutter: Sivert Tjønneland Førde CK 14:51
  Petter Kjelsnes Flora CK 16:08
  Ardian Dyepvik Flora CK 16:27
  Henrik Halvorsen Flora CK 17:48
11-12 år      
Jenter: Synniva Ramsdal Flora CK 17:40
  Marie Osland Førde CK 18:38
Gutter: Simen Ramsdal Flora CK 13:09
  Aksel Grøneng Flora CK 16:00
  Mikael Pedersen Flora CK 17:39
Alder 13-14:      
Gutter: Espen H Moldestad Førde CK 13:52
  Jonas Hove Flora CK 14:04
  Tobias Sagen Flora CK 14:07
  Daniel Furusund Flora CK 14:35
  Simon Bjørnset Flora CK 14:39
Alder 15-16:      
Gutter: Marius Langø Flora CK 11:09
  Sondre Brendsdal Flora CK 11:21
  Joakim Ramsdal Flora CK 11:53
  Asle Tonning Førde CK 13:17



Karusellritt 25.august 2011

Postet av Flora Cykleklubb den 30. Aug 2011

Nydelig seinsommarkveld var ramma rundt terrengsykkelrittet ved Litlevatnet. 15 unge syklistar deltok i rundbaneløypa rundt Litleåsen, og omlag like mange var møtt fram for å heie.

Rune Horgen stod som vanlig for arrangementet.

Resultat:

Jenter 12-13 år 4 runder:

1.Sunniva Ramsdal  19:20

 

8-9 år 4 runder:

1.Bendik Jagedal

2 Frode L. Aune

3.Ivan Lorentzo Brendø

 

10-11 år 4 runder:

1.Ørjan Solheim  15:23

2.Ardian Dypevik  16:10

3.Petter Kjelsnes   18:45

4.Henrik Halvorsen 19:00

 

12-13 år 5 runder:

1.Simen Ramsdal   19:15

2.Simon Bjørnset     20:15

3.Jonas Hove          20:35

4.Espen Sunnarvik   23:25

5.Mikael Pedersen ca 40:00

 

15-16 år 6 runder:

1.Marius Langø    17:20

2.Joakim Ramsdal 19:40

 

Og etterpå var det som vanlig frukt, kjeks og saft tillaga av Rita :-)

 



Invitasjon til karusellritt torsdag 1.september 2011

Postet av Flora Cykleklubb den 30. Aug 2011

Det blir som i fjor temporitt frå Statoil på Ragnarrud. Løypa går inn Nordsidevegen til Brandsøy, ut til Solheim, med mål i krysset ved vegen opp til Torvmyrane. Oppmøte i god tid før første start kl.18.30. Startkontigent kr.40


GAULARFJELLRITTET 2011 Søndag 21.august invitasjon.

Postet av Flora Cykleklubb den 10. Aug 2011

Frå Johannes Fleten i Førde CK kjem følgande invitasjon til Gaularfjellrittet:

RITTET DER ALLE KAN VINNE!

Klatreritt med start i Vetlefjorden (Grendahuset) og målgang ved Utsikten på Gaularfjellet.

Det er gjort ein del endringar i årets utgåve av rittet, for å skape litt meir show og gje alle deltakarane ein reell sjanse til å bli først opp fjellet.

Starten er flytta til Vetlefjorden for å skape større sikkerheit og å unngå farlege punkt langs fjorden, i tillegg for å gjere det meir praktisk for ryttarane å forflytte seg mellom start- og målområde.

HANDICAPSTART, "FØRSTEMANN OPP"

Nytt av året er også at vi har innført handicapstart, dvs, at dei med antatt svakast tid startar først og dei beste til slutt.  For å fastsette startpulje legg ein til grunn tidligare års tider frå rittet, mens for nye deltakarar vil ein sjå på andre prestasjoner eller tilbakemelding frå deltakarane sjølve.

Dette gjer rittet meir interessant for alle å delta i, og meir spennande for publikum, for no har alle ein reell sjanse for å komme først opp fjellet, uansett nivå, alder og kjønn.

Ein kan velje kva type sykkel ein vil bruke, men vi anbefaler sterkt å bruke landeveisykkel opp fjellet.

KLATREDRONNING OG KLATREKONGE

Det vil som tidligare år også bli kåra ei klatredronning og ein klatrekonge, som har dei raskaste tidene opp fjellet.

Mat og drikke til alle deltakarane ved målgang og premiering til alle.

Start kl. 1130 - 1230 (trim u/tid) og kl. 1315 (tur).

Henting av startnummer frå kl. 1130 og etterpåmelding vil bli stengt seinast kl. 1230.

Pris Kr 100,- + lisens 25,-(trim) og 250,- + lisens 150,- (tur).  Påmeldingsfrist 19.august kl. 2100.

Etterpåmelding kr. 200,- for trim og 400,- for tur + lisens.

Meir praktisk informasjon om rittet finn du ved å gå inn på påmeldingssida:

https://www.deltager.no/gaularfjellrittet_2011_21082011

Følg også med på nettsida vår www.fordeck.org for eventuelle endringar

og ny informasjon fram mot rittet.

Rittleiar: Johannes Fleten. E-post: johannes.fleten@kontorspar.no, mobil: 91 30 98 31



Sykkelskulen 8. og 9.august 2011

Postet av Flora Cykleklubb den 10. Aug 2011

Flora CK sin første sykkelskule vart arrangert med heile 18 jenter og gutter i alderen 8-13 år.

Rune Horgen stod for det faglige innhaldet, og hadde god hjelp av Ernst Jagedal, Marius Langø og Joakim Ramsdal.

Mykje av tida vart brukt til å trene på sykkeltekniske øvingar. Men kanskje var det avslutningen av dag to som var mest populær. Då fekk dei fleste prøve landevegssykkel, dei yngste på lukka område, dei eldste på landevegen.

Bilder kjem



Postvegrittet 6.august 2011

Postet av Flora Cykleklubb den 7. Aug 2011

Ernst Jagedal slo til med klasseseier i M40. Han brukte 1:47:37 på dei 46 kilometerane.

Bjarte Engelsen var overall vinnar med tida 1:39:55

Dagmund Ramsdal likte seg så godt i løypa at han la inn ein liten ekstrarunde. Likevel greidde han 3.plass i klasse M50 med tida 1:53:44. Utan den sjølvpålagte ekstrarunden ville han sannsynligvis blitt nr.3 totalt

Rune Horgen vart nr.22 i M40 og fekk tida 2:45:11. Også han tok seg ein heller lang ekstrarunde og tapte kanskje over 30 minutt.

Alle resultat:

http://fjaler.origo.no/-/bulletin/show/675836_postvegrittet-2011-dale-il-resultatlister

 

Bilder fra rittet her:

https://picasaweb.google.com/109521300134288445437/Postvegrittet2011?authuser=0&authkey=Gv1sRgCJeklYiOybG-ZQ&feat=directlink#



Informasjon om sykkelskule 8. og 9.august 2011

Postet av Flora Cykleklubb den 7. Aug 2011

Velkommen til Flora CK sin første sykkelskule.

17 unger frå 8-14 år er påmeldt, og det vil bli 4-5 frå klubben tilstades under arrangementet.

Det er oppmøte på Florø Barneskole seinast kl.10. Registrering frå mandag kl.09.45

Vi avsluttar kl.14.30 og ber om at dei yngste (under 5.klasse) vert levert og henta av foresatte.

Vèrmeldingane for mandag og tirsdag er ganske bra, men det kan komme noko regn. Ta derfor med regntøy/kleskifte.

Det vert lunsj begge dager kl.12-12.30. Meny: Grov baguette med smør, ost og skinke. Yoghurt, juice, vatn, oppskjært frukt og grønnsaker.

Inkludert i prisen på kr.300 (kun kontant betaling) er medlemsskap i Flora CK, forsikring, lunsj, drikkeflaske og T-Skjorte

For dei yngste (under 5.klasse) vil mykje av tida bli brukt i området rundt skulen. Dei eldste vil også vere i området rundt Storåsen/Litleåsen og vatna.

Det er påbudt med hjelm.

Ta med ein liten ryggsekk til oppbevaring av tøy og effekter.

Ved oppstart blir det ein rask sjekk av sykkel (luft og bremser, innstilling av setehøgd) og tilpassing av hjelm.

Til dei som har racersykkel: Det er mest hensiktsmessig å bruke MTB/Offroadsykkel. Opplegget er ikkje tilpassa racersykkel.

Beklager at informasjonen pga sjukdom kjem noko seint.



Nordisk mesterskap 31.juli 2011

Postet av Flora Cykleklubb den 6. Aug 2011

Det vart sølvmedalje for underteikna på tempo i klasse M45 i nordisk mesterskap i Finland. Finske Jan Elmgren var raskast i den 29 km lange løypa. Med tida 39:26 vann han med 9 sekund.


Veteran NM 2. og 3.juli 2011

Postet av Flora Cykleklubb den 7. Jul 2011

Søndag 3.juli vart underteikna norgesmester på tempo i klasse M45-49 i Halden. På 21 km vart vinnartida 28:04. Frode Valen, Stord tok 2.plassen 31 sekund bak.

...

På lørdagens fellesstart vart det 7.plass.

Firdaposten si omtale kan du lese her:

http://www.firdaposten.no/sport/article5660829.ece



Nibberittet 12.juni 2011

Postet av Flora Cykleklubb den 18. Jun 2011

Med ein litt for tidlig bursdagsfeiring sykla Dagmund Ramsdal inn til 3.plass i klasse 50-59 i Nibberittet. Heile 87 startande i klassen gjør dette til ein god prestasjon. Flora CK gratulerer både med resultatet og 50 års dagen som var 16.juni

Resultater:

http://www.frafjordtilfjell.com/resultat/Resultat_2011.pdf



Sykkelskule 8. og 9.august 2011

Postet av Flora Cykleklubb den 16. Jun 2011

Flora CK inviterer gutar og jenter frå 2.-10.klasse til sykkelskule 8. og 9.august.

NB! Påmelding innan 3.juli. Send e-post til geir@kristiansen.vg eller til Geir Kristiansen mobil 9585 7454

Kan vere mogleg med etteranmelding. Følg med på sida her for meir informasjon.

Infoark sykkelskule 2011


Valdresrittet terrengritt invitasjon

Postet av Flora Cykleklubb den 16. Jun 2011

Velkommen til Valdresrittet lørdag 23. juli.
Valdresrittet er et 54 km langt terrengritt på høyfjellet mellom Valdres og 
Hallingdal (midt mellom Fagernes, Gol og Hemsedal). Traseen består av ca 17 
km sti og kjerrevei, samt 37 km grusvei. Her finner du alt fra raske 
partier, sugende motbakker, tekniske stipartier og ikke minst fantastisk 
natur i grensen mellom Øst- og Vestlandet.

Rittet har mer enn 800 stigningsmeter (NB! Feil på høydeprofilen på 
nettsiden) og store deler av rittet går mer enn 1000 meter over havet.

Valdresrittet har klasser for alle fra trim til elite. Til og med egen 
Pondusklasse der vinneren kåres ut fra gjennomsnittsfartsBMI.

Mer informasjon om Valdresrittet finner du på www.valdresrittet.no og 
www.facebook.com/valdresrittet.

De beste ønsker om en pedalrik sommer, hilsen alle oss i Valdresrittet.

Thorgeir Røer


Jølstravatnet rundt tempo 9.juni 2011

Postet av Flora Cykleklubb den 15. Jun 2011

Underteikna satte torsdag ny løyperekord med tida 1:08:14 på dei nesten 50 kilometerane rundt Jølstravatnet.

Tida er ei forbetring av fjorårets rekord med nesten 3 minutt. Den gamle rekorden var 1:11:00.

Kenneth Bredesen blei klubbmester for Førde Ck med tida 1:09:01

Ungdommane sykla 10 km tempo. Her er resultata for våre syklister:

Sunniva Ramsdal 24:39

Simen Ramsdal 20:10

Marius Thue Bigset 20:30

Mass-Bendik Øygard Reksten 19:04

Marius Langø 17:01

Joakim Ramsdal 18:53



Årseth tråkket i Høyanger 11.juni

Postet av Flora Cykleklubb den 15. Jun 2011

3 syklister frå Florø prega rundbanerittet i Høyanger.

Mikael Johansen og Kenneth Bredesen sykler i år for Førde Elite. Saman med underteikna stakk dei tidleg frå resten av feltet og vart aldri trua i den krevande løypa. I siste bakken hadde underteikna fått nok av ungdommens fart, og Førde Elite rytterane kunne dele seireren.

Mass-Bendik Øygard Reksten gjorde dagens dobbel, ved først å sykle og deretter springe trappeløpet nokre timar seinare. Godt jobba, og kanskje deltek fleire neste år :-)

Følg Flora CK på Facebook:

http://www.facebook.com/media/set/?set=a.10150221311338607.334098.551323606



Bergen-Voss 2011

Postet av Flora Cykleklubb den 6. Jun 2011

Sykkelrittet Bergen-Voss er som massemønstring blitt vestlandet sitt svar på Birkebeiner rittet. Over 5000 var påmeldt til det 165 km lange rittet som laurdag vart arrangert for 35.gang.

Frå Flora CK stilte 11 mann til start. Tor Erik Øybost (17) og Øyvind Ramsdal (17) fekk begge sin debut saman med Atle Halvorsen, medan nestor i klubben Rune Horgen (43) sykla rittet for 20. gang. 

Berre nesten.
Etter å ha vore med i vinnargruppa dei to siste åra håpte underteikna på nok eit toppresultat. Då rekordpulja starta frå Grieghallen kl.05.48 var ikkje véret det beste. Det var regna friskt, noko som sjølvsagt førte til svært glatt veg. Sjølv om pulja låg bra an ved dei to første mellomtidene i Gullbotn og på Kvamskogen var farten og samarbeidet inn vegen langs Hardangerfjorden for dårleg til at rekorden frå i fjor på 3.55.57 var trua.
Som så mange ganger før var det i den siste stigninga ca 15 km før Voss det meste vart avgjort. I det frykta Skjervet var farten stor og 11 mann fekk ei luke på det som var igjen av feltet. Bak desse 11 samla det seg etterkvart ei gruppe på 15 mann som jaga hardt inn mot Voss. Sjølv om denne gruppa inneheldt sterke syklister som Ove Matland (9 seiere i rittet), Andreas Hosøy (7 seiere) og underteikna, klarte dei aldri å hente inn forspranget.
Vinnargruppa kom til mål på tida 4.15.06, medan gruppe to fekk tida 4.16.02.

I vinnargruppa var Thomas Kristiansen Grønfur frå Førde CK Elite den einaste frå Sunnfjord. Medan Kenneth Bredesen (25) frå Florø som syklar for samme klubb kom inn saman med gruppe to.

Far og sønn Ramsdal sykla i samme pulje. Og då junior fekk tekniske problem i Skjervet bytta dei ganske enkelt syklar. Senior sykla deretter opp den lange bakken på storskiva. Ein sterk prestasjon etter over 140 km på sykkelen.



Resultat for Flora CK:

Geir Kristiansen     4:16:02     M40-49
Ernst Jagedal         4:37:25     M40-49
Terje Standal          5:06:32     M50-59
Øyvind Ramsdal     5:07:24     M16-19
Dagmund Ramsdal 5:07:25     M50-59
Atle Halvorsen        5:20:10     M40-49
Arild Standal          5:23:42     M50-59
Rune Horgen          5:43:11     M40-49
Tor Erik Øybost      6:11:48     M16-19
Ståle Klakegg        6:20:08     M50-59
Trond Muri             7:34:23     M40-49



Bakkeritt til Torvmyrane 6.juni 2011

Postet av Flora Cykleklubb den 6. Jun 2011

Bakkerittet frå Fureholmen til Torvmyrane vart ein våt affære for dei 12 guttane og eine jenta som stilte til start. Dagens raskaste var Marius Langø på 5min 57 sek.

Resultatene:

Marius Langø (15) 5.57

Joakim Ramsdal (16) 6.09

Simen Ramsdal (12) 7.10

Tobias Sagen (13) 7.18

Jonas Hove (13) 8.24

Bendik Jagedal (9) 8.35

Ørjan Solheim (9) 8.36 på MTB!!!

Ardian Dypevik (10) 8.50

Daniel Furesund (13) 8.53

Simon Bjørnseth (13) 8.57

Petter Kjelsnes (10) 9.23

Sunniva Ramsdal (12) 11.00

Frode Aune (9) 13.00

 



Atlanterhavsrittet mandag 13.juni kl.13

Postet av Flora Cykleklubb den 25. Mai 2011

Det er kome invitasjon til eit turritt som ser riktig så spennande ut. Atlanterhavsrittet på ca 98 km starter på Eide, omlag midt mellom Molde og Kristiansund og arrangerast 2.pinsedag

Invitasjon:

http://www.eideil.no/Atlanterhavsrittet



Sykkelfrakter til hengerfeste

Postet av Flora Cykleklubb den 25. Mai 2011

Klubben har kjøpt 2 stk. sykkelfraktere som passer på hengerfeste. Det er plass til 4 sykler på kvar, og er komplett med skiltholder/lystavle.

Desse er til bruk for klubbens medlemmer som skal reise til ritt. 

Kontakt Geir Kristiansen, 9585 7454, eller

Trond Muri sin sykkelbutikk, Strandgata Sport, 9005 5960.

Sjå link til informasjon om Thule 9708:

http://www.norsktilhengersenter.no/thule_sykkelstativ.html



Jølster Rundt 2011! Kjemperesultater fra Floraryttarane!!!

Postet av Flora Cykleklubb den 23. Mai 2011

Det er bare å ta av seg hatten, evnt hjelmen. For resultata i årets Jølster rundt er fantastiske for Florø og Flora CK. Mikael Johansen med løyperekord og klassevinnar i si aldersgruppe. Geir Kristiansen, Kenneth Bredesen og Øyvind Ramsdal som klassevinnere i sine aldersgrupper.

Årets Jølster Rundt vart arrangert tørr asfalt og medvind halve vegen inn i mellom ei ellers regntung og vindfull helg. Korleis Førde CK fekk til den avtalen med vergudane skal vi ikkje spekulere i, men heller konsentrere oss om kva vi sjølve fekk til på Jølster Rundt.

Silje på vei til mål sammen med ein flott gjeng. Damerulla 2011 er første damelaget som har kjørt Jølster rundt.

Ein flott gjeng stilte i tur og ungdomsklassen:

DYPEVIK Ardian
HOVE Jonas
KJELSNES Petter
RAMSDAL Joackim
RAMSDAL Simen
REKSTEN Mass Bendik
SAGEN Tobias
SAGEN Trond
ØYGARD Anita

 

 

For dei som sykla på tid ser lista internt i FloraCK slik ut: (Mikael og Kenneth sykler for FørdeCK og er ikkje med på lista)

02:57:14 DYPEVIK Silje ,vinner i klassen Damer FloraCK
02:01:21 KRISTIANSEN Geir. Vinner klasse 40-49
02:20:49 RAMSDAL Dagmund, nr 3 klasse 50-59
02:20:54 RAMSDAL Øyvind, vinner klasse 17-19
02:30:55 KJELSNES Jens Petter, vinner i klassen "utrente
02:32:45 HALVORSEN Atle, vinner i klassen "voksne debutanter"
02:32:50 STANDAL Terje, vinner i klassen "endelig uten fall"
02:43:00 HORGEN Rune, vinner i klassen "folk med pusteproblemer"
02:51:06 ØYBOST Tor Erik, vinner i klassen "suse forbi inngang til målstreken"

Vi er alle vinnere :) Med 18 deltagere er vi en stor liten klubb. Komplette resultatlister finn du på www.fordeck.org

Mikael sin bragd er behørig beskrevet på www.nrk.no/sf.  Men eg har forstått det slik at det i stor grad var Mikael Johansen, Geir Kristiansen, Kenneth Bredesen og Thomas Grønfur Kristiansen som prega rittet med hard kniving i delar av rittet.

 

 

 

 



Bergen-Voss 2011.

Postet av Flora Cykleklubb den 21. Mai 2011

Kontakt Rune Horgen eller Geir Kristiansen for å avtale fellestransport. Det er i år satt opp tog fra Voss til Bergen etter rittet, men påmeldingsfristen for kjøp av billett (kr.250) er gått ut. Vi prøver å få til eit felles opplegg dersom det er interesse for det.


Askøy sykkelfestival 13.- 15.mai 2011

Postet av Flora Cykleklubb den 14. Mai 2011

Askøy sykkel og triathlon klubb, Astrik, får godkjend for arrangementet som gjekk over 3 dager. Trass i ein del problem med å produsere resultatlister på søndagens fellesstart, er det godt å sjå ein klubb som har rikelig med vakter og set tryggleik i fokus.

Flora Ck sine 4 syklister gjorde fleire fine ritt, og hadde stort sett positive erfaringer å ta med seg heim att.

Bakketempo Bergheim Opp: Geir Kristiansen vant klasse M45-49 og var dagens raskaste veteran. Tida var også dagens femte beste. Sjå alle resultat på:

http://www.astrik.no/index.php?subaction=showfull&id=1305319427&archive=&start_from=&ucat=11&

 

Askøy Tempo: God innsats av Mass Bendik Øygard Reksten med 8.plass i klasse M13-14. Marius Langø vart nr.11 i klasse M15-16, medan Øyvind Ramsdal, utan temposykkel, måtte ta til takke med sisteplass i juniorklassen. Geir Kristiansen vann klasse M45-49 og hadde dagens 4. beste tid. Sjå alle resultat på:

http://www.astrik.no/index.php?subaction=showfull&id=1305370286&archive=&start_from=&ucat=11&

 

Askøyrunden fellesstart: Igjen gode resultat for Flora CK. Mass-Bendik med 7.plass i M13-14, Marius med 10 plass i M15-16 og 11.plass til Øyvind i juniorklassen. Geir fekk 2.plass i M45, og vann med det sykkelfestivalen samanlagt.
Resultater:

https://spreadsheets.google.com/ccc?key=0Ai0qFHFcsyWNdHpGcnppYzlkUC1ESUFMNW9rZFMzQmc&hl=no#gid=0



Årets første karusellritt torsdag 12.mai 2011

Postet av Flora Cykleklubb den 12. Mai 2011

Flora CK inviterer barn og unge til årets første karusellritt. Møt opp på Florø Stadion torsdag 12.mai kl.18. Passer godt også for dei aller yngste med trehjulsykkel eller sykkel med støttehjul.

Startpenger kr.30. Høve til å melde seg inn i klubben for kr.20 for alle som deltar.

Premiering. Servering av frukt og drikke.



Resultater frå karusellritt på Florø Stadion12.mai 2011

Postet av Flora Cykleklubb den 12. Mai 2011

Heile 30 barn og unge stilte til start på Florø Stadion, og gledelig var det at av desse var heile 8 frå nabobyen Førde.

Sjølv om det til tider hadde vore vått tidlegare på dagen hadde det tørka godt opp i timane fram til start.

I år hadde ansvarlig for rittet, Rune Horgen, gjort ein ny og vellykka vri på arrangementet.

Alle starta med å sykle ein prolog på tid, og vart etterpå samla i klasseinndelte heat som vart sykla 2 ganger. I kvart av desse vart syklistane gjevne poeng etter plassering. På denne måten fekk ein altså både sykle mot klokka, og prøve seg på taktikkeri i eit felt.

Resultat og deltakarar: (Klasseinndeling er ikkje etter NCF sin standard, og det er ikkje gjort rangering før klasse 13 år)

Andrine Horgen 2 år

Fride Sørbø 7 år

Isa Elin Esp Kristiansen 7 år

Julie Eide 7 år, Førde CK

 

Klasse 8-9 år:

Frode L. Aune

Leander Langø

Bendik Jagedal

Markus Haukås

Markus Holm

 

Klasse 10-12 år:

Sunniva G. Ramsdal

Stine Eide, Førde CK

Karoline N. Aamot, Førde CK

 

Marius F. Bigset

Simen G. Ramsdal

Ardian Dypevik

Espen Sunnarvik

Mikael Pedersen

Sivert Tjønneland, Førde CK

Petter Kjelsnes

 

Klasse 13-14 år:

Nr.1 Jonas Hove

Nr.2 Tobias Sagen

Nr.3 Daniel Furesund

Nr.4 Espen Holme Moldestad, Førde CK

Nr.5 Simon Bjørnseth

 

Klasse 15-17 år:

Nr.1 Kristian Tjønneland, Førde CK

Nr.2 Sondre Brendsdal

Nr.3 Øyvind Ramsdal

Nr.4 Marius Langø

Nr.5 Nikolai Os, Førde CK

Nr.6 Knut Nordeide, Førde CK

 



Treningsritt tirsdag 10. mai i Naustdal

Postet av Flora Cykleklubb den 6. Mai 2011

Førde Ck arrangerer som tidligere annonsert temporitt tirsdag 10.mai. Sjå detaljer nedanfor.

Førde CK inviterer til dette opplegget:

Over 13 år: Naustdal – Førde – Naustdal ca 24 km (snur i rundkjøringen v/Førde Storsenter)

Under 13 år: Start fra Tunnelen tur/retur mot Nyheim ca 10 km. (Gamle RV5)

Oppmøte: Esso, Førde kl: 18:00. Vi sykler i lag til Naustdal som oppvarming. For de som kjører bil ut eller vil sykle aleine er oppmøte i Naustdal ved parkeringsplassen ved Tunnelen kl: 18:30.

Påmelding: Kl: 18:30 før start i Naustdal.

Start: ca. Kl: 18:45 Ansvarlig: Kjell Olav Heien mob.nr.: 95 40 65 13.

 

For Flora CK sine ryttere:

Ta kontakt med Rune Horgen 9283 4977 for samkøyring direkte til Naustdal. Dersom nokon vil, kan dei følge Førde CK sitt opplegg som skissert lenger oppe.

Vi har no sykkelstativ for hengerfeste til utlån hos Trond Muri i Strandgata Sport.

NB! Det kan bli endringer for kva distanse 13-14åringane skal sykle. Det vil uansett ver mogleg for desse å velge 10 km i staden for 24 km!



Ny startordning til UngdomsBirken sykkel

Postet av Flora Cykleklubb den 6. Mai 2011

Det er gjort ei pulje inndeling for ungdomsbirken. Følg link nedanfor for å lese om dette. http://www.sykling.no/nyheter/arkivnyheterfraterreng/Sider/Ny%20startordning%20til%20UngdomsBirken%20sykkel.aspx


20 mila 1.mai 2011

Postet av Flora Cykleklubb den 4. Mai 2011

Ein av vårens klassikere for Flora CK er 20 mila. 1.mai var det meldt strålande vér og dette gjorde sitt til at heile 8 mann møtte fram for å sykle tur/retur Sandane.

For første gang på fleire år stilte 3 juniorer til den krevande turen. Søskenbarna Joakim Ramsdal (15) og Øyvind Ramsdal (16) gjennomførte saman med nykommaren Tor Erik Øybost (16) heile turen med stil. Dette lover godt for framtida til sykkelsporen i Flora.

Det var også stor aldersvariasjon denne gangen. Eldstemann i gjengen var Geir Dysvik (62) som ikkje hadde vansker med å følge den våryre ungdommen.

Desse var også med: Atle Halvorsen, Rune Horgen, Dagmund og Otto Ramsdal

Ernst Jagedal og Geir Kristiansen sykla til Hyen, og var med klubben heimatt til Florø

20 mila 1.mai 2011



Treningsritt Førde-Sande 3.mai 2011

Postet av Flora Cykleklubb den 4. Mai 2011

I Førde stilte det over til 30 syklister til start i den spennande tempoløypa. Frå før av hadde Thomas Kristiansen, Førde CK, løyperekorden med 36.27 frå 2009. Denne tida kunne ikkje stå seg mot det sterke feltet denne fine kvelden i mai. Den nye bestenoteringa er nesten 5 minutt raskare, og er no på 31.45

Mikael Johansen, Førde CK Elite var som venta sterkast i første del av rittet, i stigninga opp til Langeland. Men over Langeland og i nedkøyringa til Sande sykla to blad Kristiansen omlag like sterkt. Likevel vann Mikael 55 sekund framfor Thomas Kristiansen, medan Geir Kristiansen vart slått med nøyaktig eit minutt. 

Men også ungdommen imponerte. Kristians Tjønneland, Førde CK, vart nr.9 og slo omlag jamngamle Øyvind Ramsdal (16 år) med 17 sekund. Joakim Ramsdal vart nr.19, 2.24 bak sitt eitt år eldre søskenbarn.

Resultater: 

Tempo: Førde-Sande

Plassering

Navn

Tid

1

Mikael Johansen

31.45

2

Thomas Kristiansen

32.40

3

Geir Kristiansen

32.45

4

Øystein Pedersen

36.35

5

Per Erik Eimhjellen

36.40

6

Odd Erling Hunnes

37.08

7

Stig Savland

37.30

8

Kai Ytterhaug

38.05

9

Kristian Tjønneland

38.56

10

Øyvind Ramsdal

39.13

11

Ove Andre Tjønneland

39.55

12

Steen Haseman

39.58

13

Per Terje Solheim

40.00

14

Eirik Aaen

40.36

15

Oddvar Skrede

41.04

16

Kristoffer Gryte

41.07

17

Harald Holmefjord

41.09

18

Cato Indrebø

41.22

19

Joakim Ramsdal

41.37

20

Dag Jøran Hjelmeland

42.06

21

Jon Storøy

43.26

22

Ingrid Nordal

44.06

23

Endre Naustdal

44.41

24

Joakim Hyllestad

44.46

25

Knut Noreide

46.13

26

Anne Marie Mandelid

46.21

27

Sverre Aasen

49.45

28

Jorunn Lunde Fleten

50.35

29

Ronja Øygard

50.40

30

Espen Holme Moldestad

51.20

31

Ole Johannes Stigen

53.49

 

 



Førde CK: Endring i treningsplan for 10 mai og 26 mai

Postet av Flora Cykleklubb den 2. Mai 2011

Det planlagte treningsrittet 26.mai er flytta til tirsdag 10.mai.

 

Opplegg: 
Over 13 år: Naustdal – Førde – Naustdal (snur i rundkjøringen v/Førde Storsenter) 
Under 13 år: Start fra Tunnelen tur/retur mot Nyheim. 

Oppmøte: Esso, Førde kl: 18:00. Vi sykler i lag til Naustdal som oppvarming. For de som kjører bil ut eller vil sykle aleine er oppmøte i Naustdal ved parkeringsplassen ved Tunnelen kl: 18:30. 
Påmelding: Kl: 18:30 før start i Naustdal. 
Start: ca. Kl: 18:45 Ansvarlig: Kjell olav Heien mob.nr.: 95 40 65 13. 
Ungdomsgruppa har ansvar for rittet for dei under 13 år.


NM for veteraner 2. og 3.juli 2011

Postet av Flora Cykleklubb den 2. Mai 2011

NM for veteraner blir i Halden 2. og 3.juli 2011

Innbyding i PDF kan sendast på mail, eller sjå arrangøren si heimeside:

www.haldencykleklub.org



Tour of Norway for Kids: 26.mai i Førde

Postet av Flora Cykleklubb den 26. Apr 2011

Dato for årets Tour of Norway for kids er 26.mai. Meir informasjon kjem.



Treningstider sesongen 2011

Postet av Flora Cykleklubb den 24. Apr 2011

Då er vi godt i gang med utesesongen. Treningstidene blir mandager og torsdager kl.18.

Som vanlig er det oppmøte ved klubbhuset ved Florø Stadion.

Mandager er det fokus på intervalltrening, medan torsdagane er det rolig tur.



Sotramila 9.april og Rådalen rundt 10.april 2011

Postet av Flora Cykleklubb den 22. Apr 2011

Flora CK stilte med 5 syklister til sesongens to første ritt. Lørdag var det Sotramila med 10km tempo for dei yngste, og 20km for voksne. Søndag var det fellesstart i Rådalen i Fana.

Resultater Sotra mila:

http://www.cksotra.no/documents/resultater/Resultatliste_Sotramila_2011.pdf

Resultater Rådalen rundt:

http://home.broadpark.no/~fanasykkelgruppe/2011/Resultater/RAADALEN%20RUNDT%202011.txt



Invitasjoner til ritt.

Postet av Flora Cykleklubb den 21. Apr 2011

Invitasjoner til ritt vil bli lagt under "Aktiviteter og ritt"


Postvegrittet

Postet av Flora Cykleklubb den 21. Apr 2011

Her kjem invitasjon til Postvegrittet i Dale. I år er dette terrengrittet seedingritt til Birken. http://www.postvegrittet.no/


Lofoten Insomnia

Postet av Flora Cykleklubb den 21. Apr 2011

Lødingen sykkelklubb inviterer til ritt: http://www.lofoteninsomnia.no/


Gaularfjellrittet 2011

Postet av Flora Cykleklubb den 21. Apr 2011

Gaularfjellrittet 2011 vil arrangerast søndag 21.august.
Meir informasjon om rittet vil kome etter kvart, følg med på nettsida www.fordeck.org


Flora Cykleklubb på Facebook

Postet av Flora Cykleklubb den 17. Apr 2011

Då er vi tilbake på Facebook. Merk at adressa er Flora Cykleklubb, og ikkje Flora CK.


Askøy sykkelfestival

Postet av Flora Cykleklubb den 17. Apr 2011

Neste aktive ritt er Askøy sykkelfestival. 12-14.mai. Inneheld bakketempo, tempo og fellesstart. Rittet er åpent for alle klasser fra 10 år og oppover. Vi reiser, og bur, helst i samla tropp. Gje beskjed til Geir K 95857454 om du tenker å vere med. Vi treng også støtte frå foreldre til denne og andre turar.

Meir informasjon kjem!



Sesongplan, oversikt over satsingsritt. Dato for Trollrittet.

Postet av Flora Cykleklubb den 15. Apr 2011

Styret har sett datoer for våre egne ritt og har også bestemt kva for aktive ritt klubben skal satse på.

Trollrittet blir i år søndag 25.september !!!

Karusellritt for dei yngste:

Torsdag 12.mai: Florø Stadion. Passer også for dei aller yngste

Mandag 6.juni: Bakkeritt opp til Torvmyrane skule

Torsdag 25.august: Terrengritt ved Litlevatnet-Litleåsen

Tirsdag 30.august: Temporitt (Ragnarrud-Brandsøy-Verpevika?)

Kan også hende at vi tar ein ekstra dag på Florø Stadion!

 

Ritt i Førde:

Torsdag 9.juni Temporitt på Vassenden for dei yngste, (Jølstravatnet rundt for dei voksne.)

Tirsdag 14.juni Fleten Grand Prix, kort motbakkeritt

Tirsdag 16.august Hesjedalen opp

Søndag 11.september Grimelandsrunden (Angedalen)

Det kan også kome datoer for fleire ritt i Førde.

 

Aktive landeveg ritt i Hordaland:

Fredag 13.05.11 Askøy sykkelfestival - Bergheim opp

Lørdag 14.05.11 Askøy sykkelfestival – Askøy tempo

Søndag 15.05.11 Askøy sykkelfestival – Askøyrunden

 

Lørdag 20.08.11 Fana tempo + Lønningenrittet i Fana

Søndag 21.08.11 Ytrebygda rundt i Fana

 

Lørdag 03.09.11 Tjeldstø tempo + Sturerittet fellesstart på Sotra

Søndag 04.09.11 Øygardsrittet

  

Lørdag 17.09.11 KM i Hordaland

 

 

 

 

 



Treningsdagbok

Postet av Flora Cykleklubb den 15. Apr 2011

Styret oppmodar alle medlemmer til å skrive treningsdagbok. Skriv ned tid og sted, ca antall kilometer. Det kan kome ei overrasking på årsfesten :-)


Støtt våre sponsorer. Dei støtter oss!

Postet av Flora Cykleklubb den 8. Apr 2011

Dei fleste av medlemma i Flora CK har sykkeltøy der våre sponsorer har profilert seg med sine logoar. Ta ein kikk på trøya og støtt dei som støttar oss.

Våre sponsorer er:

Sparebanken Sogn og Fjordane

Skanska

Strandgata Sport

A til Å

Audun Ramsdal maskinentrepenør



EMIT-brikker for tidtaking

Postet av Flora Cykleklubb den 6. Apr 2011

Alle aldersgrupper fra og med 13 år må bruke EMIT tidtakerbrikke under aktive ritt.

Det gjelder altså IKKJE for turritt.

Gjelder påmelding til ritt (NB! ikke turritt) og EMIT-brikker.

1: Når man skal delta på kretsritt/nasjonale ritt melder man seg på rittene via minidrett.no.

Frist for påmelding til kretsrittene settast til ca ei uke før sjølve rittet.

Om du ikkje klarer å få meldt deg på så tar du kontakt med Geir Kristiansen. Men, det må gjørast FØR fristen går ut.

Starter du ikke må du sjølv betale startavgifta.

NB! Denne påmeldingsrutinen gjelder for aktive ritt i kretsen. M.a.o ikkje turrittene.


2: Det ble også bestemt at alle som starter i kretsrittene må ha EMIT-brikke. Om du skal ha ei slik brikke må du snarest mulig sende Geir Kristiansen ein mail om det.

Forbundet vil sende klubben eit bestillingsskjema som vi så skal fylle inn navn og nummer på til alle dei som skal ha brikke.

Ei slik brikke er personlig og kostet i fjor 500,-. Den varer i tre år og følger rytteren. Man kan altså ikkje låne ein annan rytter si brikke.

Når man så får utlevert brikka må man betale inn 500 kroner til Flora CK sin konto. Man kan ikkje bestille brikke sjølv. Det må gå via klubben.



Ritt i Førde 2011

Postet av Flora Cykleklubb den 3. Apr 2011

Førde CK er aktive med fleire arrangement i år. Klassikaren Jølster Rundt blir i år søndag 22.mai. Her kjem nok Flora CK som vanlig til å stille med mange syklister.

Sjå innbyding på:

http://www.fordeck.org/

Men allerede tirsdag 3.mai er det treningsritt tempo: Førde-Sande. (voksne)

Tirsdag 10.mai er det treningsritt tempo: Naustdalstunellen mot Nyheim (rekrutter)

og treningsritt tempo Førde-Naustdal-Førde (voksne)

Søndag 22.mai. Jølster rundt

Torsdag 26.mai Torsdag 26.mai: Tour of Norway for kids

Temporitt blir det også torsdag 9.juni. Då er det åpent klubbmesterskap rundt Jølstravatnet for voksne. Rekrutter syklar eit kortare ritt.

Tirsdag 14.juni er det Fleten Grand Prix, eit kort motbakke temporitt også for dei yngste.

Tirsdag 16.august: Hesjedalen opp

Klubbmesterskap fellesstart er søndag 11.september, 5 x Grimelandsrunden (Angedalen)

 

 

 



Grasrotandelen = penger til klubben.

Postet av Flora Cykleklubb den 1. Apr 2011

Tipping og lett tjente penger? Joda det er mogleg! Dersom alle venner av Flora CK registrerer sine spillkort triller pengane inn. Spiller du lotto for 50 kr. i uka blir det  i løpet av eit år kr.125 til klubben. OG DET ER INGEN ULEMPER FOR DEG :-) Sjå framgangsmåte nedanfor.
Grasrotandelen logo

FLORA CYKLEKLUBB

Organisasjonsnummer: 990681945
Strekkode
32774990681945


Vil du gi din støtte til FLORA CYKLEKLUBB?

Grasrotandelen er en ordning fra Norsk Tipping, hvor du som registrert spiller kan velge ett lag eller én forening som du ønsker å støtte - din Grasrotmottaker. Vi oppfordrer deg til å støtte oss i FLORA CYKLEKLUBB!

Tenk deg at du kan spille favorittspillene dine - Lotto, Tipping og Joker for eksempel - og samtidig gi noe mer til det laget eller den foreningen du selv ønsker å støtte. Dette er nå mulig via Grasrotandelen. Ved spill hos Norsk Tipping vil 5 % av innsatsen gå direkte til ditt lag eller forening (gjelder ikke Extra og Flax). Merk at Grasrotandelen ikke på noen måte går ut over innsatsen eller premien din - du blir ikke belastet noe for å være grasrotgiver. Du trenger Norsk Tipping Spillerkort for å knytte deg til Grasrotandelen. Spillerkort får du kjøpt hos kommisjonær, eller du kan bestille det på www.norsk-tipping.no.

Vi oppfordrer deg til å knytte deg til ordningen allerede i dag, og du gjør det på en av følgende måter:

1. Hos Kommisjonær: Ta med deg strekkoden og ditt spillerkort til en av Norsk Tippings mange kommisjonærer.
2. SMS: GRASROTANDELEN 990681945 til 2020 (tjenesten er gratis).
3. Internett: grasrotandelen.no eller norsk-tipping.no.
4. Norsk Tipping Mobilspill.

Mer informasjon finnes på www.grasrotandelen.no. Her vil du også kunne følge med på hvor mye Grasrotandelene genererer for de enkelte Grasrotmottakerne.

Takk for at du støtter oss via Grasrotandelen!





Årsmøte 01.04.2011

Postet av Flora Cykleklubb den 1. Apr 2011

Vår formann dei siste 10 åra Dagmund Ramsdal har takka av og overlet vervet til nye krefter. Klubben takkar hjertlig for innsatsen. Også Rune Horgen og Rita Gamlestøl fortener heder etter mange år i styre og stell.

Nytt styre:

Styremedlem: Rune Horgen, Ernst Vidar Jagedal, Trond Muri

Kasserer/sekretær: Rita Gamlestøl

Nestformann: Trond Sagen

Formann: Geir Kristiansen

 

Det vart vedtatt nye satsar for medlemsskap i Flora CK.

Barn og ungdom kr.150,- som før. Voksne kr.300,- (økning med kr.50,-), Familiemedlemsskap kr.301,- (økning med kr.1)



Invitasjon til ritt i Høyanger 11. juni 2011

Postet av Flora Cykleklubb den 1. Apr 2011

I Høyanger blir det mykje moro 11.juni. Gøyanger er ein familiedag med nokre skikkelige fysiske utfordringar. For oss syklistar bit vi oss merke i Årseth-tråkket.

Sjå http://www.goyanger.no/  der eg har saksa følgande:

"Årseth-tråkket 2011 Rundbane
Løypa startar i år i Høyanger sentrum (Start og målgang ved Coop Høyanger)
Etter ei evaluering av fjorårets løype blir løypa i år ei rundbane.
Dette blir gjort for å lage løypa spektakulær for publikum samt deltagerar.
Rundbana har ei løpslengde på ca 2,5 km. Halveges i runda går løypa opp "tråa" som har ein lengde på 300 m med ei stigningsgrad på ca 10%. Her vil løypa verkeleg skille menn og mus.
Høyanger sentrum vil koke av folk den 11 juni så dette vil bli eit sykkelløp der du kan føle deg som ein ekte sykkel proff.

Før Aarseth-tråkket vert det arrangert vetle Aarseth-tråkket.
Dette er ei løype for dei aller minste i alder 3 - 10år."



Flora CK 30 år. Vi feirer det 26 februar. DU er velkommen :)

Postet av Flora Cykleklubb den 16. Feb 2011

Flora CK fylte 30 år i 2010. Dette feirer vi før årets sesong kommer skikkelig igang med en sammenkomst med god mat og sykkelprat på Hjørnevikhagen. Festen er tenkt for alle aktive medlemmer. Voksne gjerne med følge. Aktive juniorer mellom 10-16år. Juniorer kan evnt ta med foreldre visst ønskelig. 

 



Trondheim-Oslo 2011

Postet av Flora Cykleklubb den 12. Feb 2011

Fylkesmagasinet sin Ole Jonny Klopstad skal sykle Trondheim-Oslo i år. Målsettinga er å klare dei 54 mila på under 24 timer. Ein del av støtteapperatet er allerede på plass, men det er for få syklister på laget. Dersom nokon vil delta på dette laget så ta kontakt med Klopstad eller underteikna.

Siste nytt 02.05.11: Klopstad kjem ikkje til å stille i 2011